Hove

Pron. "hå:ve; surname Hove; Am. Hovey, Hove.

Hove (dativ av gno. hof 'hov, gudshus') er ein av dei gamle storgardane i Vik. Heilt frå 2-400-talet og fram til ut i middelalderen har Hove vore den rikaste og mektigaste garden i bygdi, det ser me av dei rike gravfunni i Moahaugane og av steinkyrkja. Byggjingi av Hove-kyrkja (rettare: Hovskyrkja) har vore so kostbar at høvdingen som bygde ho må ha vore blant dei rikaste i landet. Hove er ogso nemnd i Sverre-soga, då det er nemnt at 50 mann gjekk opp til Hove for å ta bad (badstova). I seinare hundreår har Hove vorte delt opp i mange bruk, og det var ogso fleire husmannsplassar, m.a. i Moane. Det gamle klyngjetunet på Hove låg der bnr. 23 Gjert-tunet ligg i dag. Hove har heimestølar i Botnen i Seljadalen og fjellstøl i Sendedal.
Hove (from ON hof 'pagan temple') was one of the old rich farms. Before and during the middle ages Hove was the richest and most powerful farm in Vik. The rich burial mounds Moahaugane and the beautiful Hove stone church are evidence of that. The building of the stone church has been so expensive that the chieftain that built it must have been among the richest men in the country. Hove is also mentioned in the Icelandic Sverre saga, where it is told that 50 men went to Hove to take a sauna. In the later centuries Hove, like most other farms, was divided into many smaller farms, and there were also several cotters' farms. The old house cluster at Hove was situated where bnr. 23 Gjert-tunet is today. The Hove farms have their spring farms in Botnen and their mountain farms in Sendedal.
Map

Fellesfjøsen og Hovskyrkja

June 4th 2006

Fellesfjøsen og Hovskyrkja

Hovshagen frå Fossfjellet

June 8th 2004

Hovshagen frå Fossfjellet

Hove 2004. Same vinkelen er ikkje tilgjengeleg pga. skog.

May 26th 2004

Hove 2004. Same vinkelen er ikkje tilgjengeleg pga. skog.

Hove, Voll og Hønsi frå Steimslii

December 8th 2002

Hove, Voll og Hønsi frå Steimslii

Hove. Bnr. 13)

2001

Hove. Bnr. 13)

Hove. Bnr. 4, 5) Øvre-Hove

2001

Hove. Bnr. 4, 5) Øvre-Hove

Hove. Bnr. 9)

2001

Hove. Bnr. 9)

Moane sett mot sør frå Kyrelvi

2001

Moane sett mot sør frå Kyrelvi

Oversikt: Bøadalen og Flatbygdi sett frå Varpet

2001

Oversikt: Bøadalen og Flatbygdi sett frå Varpet

Oversikt: Flatbygdi sett frå Storesvingen

2001

Oversikt: Flatbygdi sett frå Storesvingen
o
All pictures on this page are © Torstein Hønsi.
www.vikjavev.no - Torstein Hønsi © 2001
Torstein Hønsi .:. N-6893 Vik i Sogn, Norway .:. (+47) 41 61 18 68 .:. Index pages: Photo | Farms | Mtn. farms